© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Bli med på ei reise i jungelen fylt med musikk og dansenummer der me vert kjende med den uredde jenta Mowgli. Ho veks opp saman med ulvar, bjørnar, pantrar og andre dyr som skjuler seg i jungelen. Ho er tøff og trur at ho klarar alt, til og med når dei skumle tigrane gjer det dei kan for å få kloa i ho.
Dei andre dyra meiner det er blitt for farleg for Mowgli å ferdast aleine ute i jungelen, og synest ho burde flytta til menneskelandsbyen. Sjølv vil Mowgli ta sine eigne val og passa på seg sjølv. Dette skapar fleire konfliktar og utfordringar i møte med dei ville dyra i jungelen.
Framsyninga er forma og vert framført av skodespelarar, solistar, dansarar, musikarar og tilsette ved Kvam Kulturskule.