Ronja Røverdatter

Kvam Kulturskule set i vår opp ei kjent og kjær forteljing: Ronja Røverdatter, av Astrid Lindgren.
Ronja er modig og ikkje redd for noko. Ho er dotter av ein røverhøvding og bur i Mattisborga som blei kløyvd i to den natta ho blei fødd. Me blir kjent med Ronja når ho er blitt omtrent ti vintrar gamal. Ho må lære å passe seg for elva, villvettene, grådvergane og Borkarøvarane. Men ein dag møter ho Birk og han er ein Borkarøvar. Forteljinga om venskap, familie, mot og natur er tidlaus og vert no sett opp i regi av Kvam Kulturskule. Framsyninga blir endåtil sett opp utandørs ved Sjusete Skisenter.
Framsyninga er forma og vert framført av skodespelarar, solistar, dansarar, musikarar og tilsette ved Kvam Kulturskule.
Me ynskjer store og små hjarteleg velkomen til ei spennande stund i kveldinga på Sjusete!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert med mindre arrangementet vert avlyst.