page view image

Jungelboka

Jungelboka - ei humoristisk, musikalsk førestilling som passar for heile familien!

Informasjon
event image

Bli med på ei reise i jungelen fylt med musikk og dansenummer der me vert kjende med den uredde jenta Mowgli. Ho veks opp saman med ulvar, bjørnar, pantrar og andre dyr som skjuler seg i jungelen. Ho er tøff og trur at ho klarar alt, til og med når dei skumle tigrane gjer det dei kan for å få kloa i ho.

Dei andre dyra meiner det er blitt for farleg for Mowgli å ferdast aleine ute i jungelen, og synest ho burde flytta til menneskelandsbyen. Sjølv vil Mowgli ta sine eigne val og passa på seg sjølv. Dette skapar fleire konfliktar og utfordringar i møte med dei ville dyra i jungelen.

Framsyninga er forma og vert framført av skodespelarar, solistar, dansarar, musikarar og tilsette ved Kvam Kulturskule.





kvamkulturskule kvam jungelboka øysteseidrettshall

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert med mindre arrangementet vert avlyst.